Ny frisør hos Ramsvik Voss
Velkomen til oss, Ørjan!
Det er stor stas for oss at vi har fått med oss Ørjan på Team Ramsvik Voss.
Ørjan har mange års erfaring som frisør, og etter ein sjølvvald pause frå faget er han no for fullt tilbake i manesjen.
Favorittbehandlingane hans er dame- og herreklipp, balayage og striper/lysfargar. Som sertifisert Session Stylist, og med erfaring frå både Bergens-, Noregs- og verdsmeisterskap i frisering, kan vi love deg at du er i dei aller beste hender – same kva behandling du ønskjer
Vi gler oss skikkeleg til å ønske både tidlegare og nye kundar velkomne til Ørjan.
Time bestiller du enkelt her:
https://fixit.no/frisor/ramsvik-voss/102
Tlf: 56 51 10 22.
Vi sjåast hos Ramsvik!